Sansespel sin visjon
- Eit kvalitetsmøte mellom utøvarar av norsk musikk- og matkultur
- Ein trivselsarena for alle med sans for gode, positive inntrykk
- Eit forum for meiningar om vilkår for den gode opplevinga.
- Ei kjelde til inspirasjon og entusiasme rundt brei nytenking om kultur og næringsutvikling
- Ein symfoni av inntrykk til glede, nytte og ettertanke for deg som deltakar.
På sikt har vi også eit ynskje om å vera ein overbygning for arrangement av høg kvalitet i regionen, gjennom heile året. Vi ser for oss Sansespel som ein felles ressursbase for næringsliv og andre aktørar i regionen som ønskjer å bruke regionen sine kvalitetar, samt lokale og nasjonale tradisjonar, til å skape spennande tilbod rundt mat og kultur både for lokalbefolkning og tilreisande. Dette i eit tett samarbeid med lokalt reiseliv. Sansespel er i høgste grad kulturbasert næringsutvikling, og skal vera eit organ som saman med andre skal synleggjere dei kvalitetane som distriktet rår over. Sansespel skal vera eit reiskap for å styrke eksisterande bedrifter, samt skape nye arbeidsplassar og bedrifter.



Visjon


