Sansespel byr på ulike arrangement gjennom året.
30. august 2008 kunne heile familien bli med på Familiedag ved Peer Gynt hytta i Rondane

I underkant av 20 personar trassa dårlege vérutsikter og fekk oppleve ein flott laurdag då Sansespel og Barnas Turlag/DNT Gudbrandsdalen inviterte til familiedag ved Peer Gynt hytta i Rondane. Her var det mange ulike aktivitetar for borna. Dei fekk prøve steinhogging med god opplæring av Knut Olstad. Nokre laga mat over ope bål. Etterpå var det eventyrstund, med høgtlesing og allsong. I tillegg dramatiserte borna Bukkene Bruse, med stor innleving. Det vart ein innhaldsrik og triveleg dag, som mange fleire burde vore med på. Familiedagen i Rondane var starten på Sansespel si rekke av småarrangement i Nord-Gudbrandsdalen utover hausten.
Turleiarar var Ragnhild Granly og Børre Olsen.
Arr.: Sansespel i samarbeid med Barnas Turlag DNT Gudbrandsdalen.
Vi inviterte til Sansekveld på Brimi Sæter laurdag 6. september 2008
Gjestane fekk denne kvelden oppleve 3-retters "Skråppå tå"-meny med "sanseopnande" tilbehør.Etterpå var det låvepub med levande musikk kl. 22.00-02.00.
Arr.: Sansespel i samarbeid med Brimi Sæter.
16. november: Ulike opplevingar og kurs på Klones
I forbindelse med at det 14. – 15. november var arrangementet ”Musiske Mennesker” med Jon-Roar Bjørkvold, Morten Krogvold og Arve Tellefsen i Vågå, hadde Sansespel i samarbeid med Klones AS tovekurs på Klones kl 12:00 - 15:00. I tillegg var det kafe med kaffeservering på Klones.
Bilete i ullfilt – kurs for born
Kurs på Klones 16. november 2008
Bileta vart laga ved å filte ein bakgrunn med vanleg såpefilting. Deretter vart motivet laga med nålefilting. Til slutt såpefilta vi heile biletet.
Dette var lettare enn å lage motivet med såpefilting, det kunne bli laga meir presise linjer. Samtidig beheldt du filten sitt "diffuse" uttrykk, og bileta vart alltid vellukka!
For kven: Barn frå ca 8 år og oppover
Når: 16. november 2008 kl 12:00 – 15:00
Kursstad: Klones
Pris: kr 200,-
Påmelding: Bjørg Schultz Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen Tlf 95904632
Praktisk info:
Borna skullel ha på seg klede som tålte såpevatn!- Eventuelt kunne borna ha på seg forklede.
(Borna må rekne med at det blir ein del søl, og det kan jo være vinterleg ute og ikkje så trivelig å gå ut med våte klede.
Deltakarane burde ha med seg:
- Eit par handklede, minst eit stort (ikkje dei nyaste i skapet),
- Spruteflaske (det kan godt vere drikkeflaske med tut a la Imsdal etc)
- Dersom dei har så kan dei ta med skumplast (minst 5cm tjukk, minst 30x30cm)
Arr.: Sansespel i samarbeid med Klones AS og Vågå Husflidslag
13. desember: "Jul på Klones"
Stiftelsen Sansespel og Klones AS arrangerte "JUL PÅ KLONES" 13. desember 2008.
Denne laurdagen var det hest og kanefart, nissebesøk, musikk og gløggservering.
Sal av julenek. Juleverkstad og baking for store og små.
Andre aktivitetar for store og små i regi av Jotunheimen Fjellsportklubb,
i tillegg til ulike kurs og utstillingar.
Arr.: Sansespel og Klones AS






