| Artikkelindeks |
|---|
| Sansespel 2010 |
| Våre samarbeidspartnarar |
| Presse |
| Alle sider |
Sansespel 2010
For femte gong presenterer Sansespel eit sansesleg program. Sansespel byr på ein triveleg dag i Vågåmo laurdag 27. november 2010 i nært og godt samarbeid med Vågå Handels- og næringsforening.
SANSESPEL
Sansespel er Nord-Gudbrandsdalen sin årlege mat- og musikkfestival, med gode konsertar, ulike kurs, mange smakebitar og utdeling av årets Sansepris. Festivalen skal vere ein trivselsarena for alle med sans for gode, positive inntrykk, ein symfoni av inntrykk til glede, nytte og ettertanke for deltakarane og eit kvalitetsmøte mellom utøvarar av norsk musikk- og matkultur.
MUSIKK
Om løpet av dagen blir du sett i rett stemning både i butikkane og utandørs. Kveldsarrangementet på Ridderspranget/Vågå Hotell byr på triveleg musikk med Trygve Svindland Trio.
Sansedag i Vågåmo

Det blir SANSEDAG i Vågåmo laurdag 27. november 2010.
Program er:
- SANSEDAG
Det blir marknadsdag i Vågåmo – ein god, gamaldags og tradisjonell julemarknad. Her blir det salsbodar der dei som ynskjer kan selja sine produkt. Bakst, lokal mat, handverk m.m. vil vere å få kjøpt denne dagen. Dagen blir innhaldsrik med ymse aktivitetar i god førjuls ånd. Vi sett opp lavvo der det blir mogleg å varme seg litt, og kjøpe gløgg og enkel mat.
- Kl. 09.00 BUTIKKANE OPNAR
- KL. 11.00 - 16.00 HINDERLØYPE
Det blir ein spanande aktivitetsdag for store og små. Aktiv i Lom sett opp hinderløype som gjev utfordringar for både vaksne og barn.
Pris: 50,- kr
- KL. 11.00 BODAR OG JULEMARKNAD OPNAR
Mange boder med julegåvetips, lokal mat, handverk m.m. Her blir det triveleg førjulsstemning heile dagen.
Vågå Musikkforening spelar i gata og på butikkane.
Sal av varm drikke m.m.
- Kl. 12.00. AKSION
"Aksion på Tande" ved Endre Skjåk
Det blir AKSION med Endre Skjåk som auksjonarius. Mye flott blir auksjonert bort - kanskje kan du gjer eit førjulskupp??
"Nordalsnissane rører jula inn". Nordalsnissane med Endre Skjåk, Reidar Svare, Ole Foss og Lars Bakke kjem med ny jule-CD.
- Kl. 14.30. FAKKELTOG og JULEGRANTENNING
På ettermiddagen blir det tradisjonelt fakkeltog, og vi tenner julegrana på bankplassen. Tradisjonen tru kjem vel nissen også ein tur innom? Her blir det hest og slede, musikk i gatene og i butikkane.
- Kl. 19.00 "BILDER FRÅ TIBET - NATUR, FOLK og KULTUR"
Om kvelden blir det bildeshow i amfiet i Jutulheimen. Ulf Ryen viser bilder og fortel frå turen til Himalaya og forsøket på å bestige det 7.694 meter høge fjellet Gurla Mandata.
Pris: Vaksne kr 80,- / barn kr 50,-
Sal av varm drikke m.m.
NB! Kle deg godt - framsyning foregår utandørs. Kan bli flytta dersom dårleg ver.
- Kl. 21.00. RIDDERSPRANGET
Det blir sanseleg musikk og dans på Ridderspranget i Vågå Hotell om laurdagskvelden. Musikken står Trygve Svindland Trio for. Aldersgrense 18 år.
Kr 150,- (før kl. 23:00)
Kr 180,- (etter kl. 23:00)
-
Du kan laste ned programmet her.





