Historie
Sansespel er eit festivalkonsept som har eksistert sidan 2004. Sansespel har sitt utspring i Vågå, etter eit arbeid gjort i kulturhagenemnda i Vågå kommune. Vågå kommune gjorde vedtak om igangsetjing i april 2004, og løyvde kr 100.000,- til dette arbeidet. Arbeidet vart organisert gjennom ein komite og tilsett prosjektleiar. Intensjonen var heilt frå starten at dette ikkje skulle vera ei kommunal oppgåve, og at det allereie etter eitt år skulle drivast vidare av det lokale/regionale næringsliv. Det vart i desember 2004 etablert eit interimstyre som var regionalt samansett. Arbeidet i dette interimstyret resulterte i etablering av Stiftelsen Sansespel i juni 2005.
Det vart første gong arrangert i september 2004, og vidareført i nokon lunde same form i august 2005. Det vart arrangert ny festival 1.-10. september 2006.



Om Stiftelsen Sansespel


