Om Sanseprisen
Sanseprisen er eit heidersteikn som kan delast ut éin gong i året av stiftelsen Sansespel.
Sanseprisen skal tilfalle ein person eller gruppe av personar med tilknyting til Nord-Gudbrandsdalen, som på ein eller annan måte har utnytta potensialet som ligg i god mat og/eller god musikk, til å produsere trivsel for sine medmenneske og positiv oppmerksomheit for regionen.
Tiltak som kan føre til næringsutvikling skal av juryen vurderast som særskilt gode. I denne samanhengen skal utnytting av potensialet i mat og musikk som kulturberande element og utgangspunkt for nytenking og kreativitet, vurderast særskilt.
Endeleg skal juryen legge positiv vekt på om tiltaket inneber samarbeid over kommunegrenser.
Prisen
Prisen er eit stykke kunsthandverk frå Nord-Gudbrandsdalen og eit diplom.
Jury
Jury er styret i stiftelsen Sansespel
Kven bør få Sanseprisen neste gong?
Har du gode forslag til kandidat(-ar) som fortener Sanseprisen?
Nominer din kandidat til prisen, saman med ei skriftleg grunngjeving.
Send dette til stiftelsen Sansespel v/styret på
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
, innan 2. februar 2010.
Sanseprisen 2009
- Skal tilfalle ein person eller gruppe av personar med tilknyting til Nord-Gudbrandsdalen,
som på ein eller annan måte har utnytta potensialet som ligg i god mat og/eller god musikk,
til å produsere trivsel for sine medmenneske og positiv merksemd for regionen. - Tiltak som kan føre til næringsutvikling skal av juryen vurderast som særskilt gode.
- I denne samanhengen skal utnytting av potensialet i mat og musikk
som kulturberande element og utgangspunkt for nytenking og kreativitet vurderast særskilt. - Til slutt skal juryen leggje positiv vekt på om tiltaket inneber samarbeid over kommunegrensene.
Årets vinnar av Sanseprisen er ein person som fyller alle kriteriar. Denne personen er frå Nord-Gudbrandsdalen. Han har utnytta potensialet som ligg i god mat til å skape trivsel for sine medmenneske og til å skape positiv merksemd for regionen, på landsbasis. Denne personen har skapt sin eigen arbeidsplass i regionen, og arbeid for andre på ymse felt knytt til si verksemd. Denne verksemda er tufta på nytenking og kreativitet, basert på ei trygg lokal forankring – som eit kulturberande element. Det handlar ikkje berre om god mat, det handlar like mykje om ei oppleving - der heile sanseapparatet blir vekt og fora. Denne personen er i sitt daglege virke grensesprengjande, derfor blir kommunegrenser ikkje tema.
Vinnaren har gjennom ei årrekke delt av sin fagkunnskap til ei lang rekke kursdeltakarar. Like mykje og like viktig har vi som publikum på ulike tilstelningar fått eit innblikk i, og vorte inspirert av, ein filosofi – det ligg ein filosofi bak den praktiske utøvinga.
Prisvinnarens faglege nivå ligg på eit nasjonalt plan, minst. I tillegg til sitt daglege virke har han sett regionen på kartet ved si deltaking i media og gjennom sitt forfattarskap.
Styret i Sansespel har merka seg det sterke lokale/regionale engasjementet, spesielt retta mot barn og unge. Seinast gjennom to konkrete prosjekt; SMAK-prosjektet på Tessand skule, og Opplæringskontoret Brimi-Kjøken. Denne innsatsen er tufta på respekt og interesse for lokalsamfunnet, for røtene og for det opprinnelege.
Det handlar om å formidle kunnskap og haldning til dei som veks opp i dag, lære dei å bli glad i lokalsamfunnet og sjå moglegheitene for eit godt liv med det vi har rundt oss.
Og det handlar om stoltheit for det vi har og det vi kan – og om Den Opprinnelege Smaken.
Det er med stor glede og stor overbevisning at vi tildeler Arne Brimi Sanseprisen for 2009.
Sanseprisen 2006
Gjekk til Gardmillom
http://www.gardmillom.no/
Sanseprisen 2005
Med utgangspunkt i statuttane for Sanseprisen har styret i stiftelsen Sansespel vurdert kandidatar til årets utdeling, som altså er den fyrste i historia. Styret kom raskt fram til at denne regionen byr på mange gode kandidatar som har fortent ein pris innafor områda matkultur og musikkultur. Juryen valde å leite etter nokon som har gjort vanlege ting på litt utradisjonelle måtar. Etter dette brukte styret stutt tid på å einast om årets prisvinnar.
Om vinnaren av Sanseprisen 2005 uttalar juryen:
Vi har denne gongen valt å gje prisen til - ikkje ein, men fleire personar som i fellesskap har lagt for dagen ekte grundermentalitet. Foreløpig har dei ikkje vorte rike i kroner, men dei har skapt seg sjølve ein meiningsfylt kvardag og sine sambygdingar i alle aldrar eit positivt samlingspunkt.
I løpet av fire år har dei arbeidd fram ei bedrift som foreiner det urbane med det tradisjonelle og bygdekulturelle, på ein svært avstemt og fin måte. Dei yter innsats langt ut over det gjennomsnittlege for å skape eit kvalitetsprodukt både i substans og presentasjon. På den måten er dei viktige bidragsytarar til den postivite imagen vi ønskjer at regionen vår skal behalde innafor dette næringsområdet.
Vinnarane har med eitt unnatak yrkesmessig utgangspunkt i landbruksnæringa, og har med den aktuelle etableringa dermed også fått til ein positiv kombinasjon som både tryggar arbeidsplassane i primærnæringa og ber i seg eit potensiale for vidare utvikling.
På ein Damenes Aften er det ekstra hyggeleg å slå fast (enda ein gong) at vi har flinke og driftige jenter i regionen, ved å dele ut Sanseprisen til fem damer. Eller fruer, som dei kallar seg sjølve.
Mine Damer (og herrer): Årets Sansepris går til Fem Fruer frå Lesja!